Rosekyrkja

Historie

                                            «Rosekyrkja» med den vakre og frodige dekoren

Denne kvite, åttekanta kyrkja er bygd i 1789, og har eit spesielt frodig interiør. Veggene, søylene, taket, galleriet og preikestolen er dekte med akantusrankar og drueklasar, sirklar og roser i solgult og himmelblått. Mellom roser og rankar er det bibelske motiv og scene. Det er den frodige rosemålinga i hallingtradisjon som har gjeve kyrkja tilnamnet «Rosekyrkja». 

Der stod ei gamal stavkyrkje, kanskje frå 1300-talet, som var forfallen og for lita. Presten Ebbe Carsten Tønder teikna ei ny slik det var mote på den tid, som ei 8-kanta kyrkje med tilbygg for våpenhus og kor. Bøndene bygde ho på dugnad med tømmer frå lokale skogar og gjenbruk av alt brukande materiale få stavkyrkja, slik ein t.d. kan sjå det i taket i våpenhuset og i ryggen på kyrkjebenkane. Der er det tydelege restar etter gamal tradisjonsmåling. Truleg er søylene, døypefonten og delar av preikestolen også frå stavkyrkja. Dei nye dekorasjonane vart utførte i 1799 av to omreisande bygdekunstnarar - Vebjørn Hamarsbøen «Halling» og Ole Reinholt. Målarane laga ein biletrikdom med ei fargeglede som kan vi kan fryde oss over den dag i dag. Stilen er gamaldags - barokk renessanse i motiva og til dels i fargane, typisk for bygdekunstnarar.

Veggmåleria er delte i tre felt, med svarte og kvite draperi på grå botn nedst, store frodige rosemåla parti i midtfeltet, og bibelske personar og dramatiske scener øvst. På nordsida finn vi Jesus mellom dei fem kloke og dei fem ukloke jomfruene, så fylgjer Samson og løva, og sist David og Goliat. Over koropninga sit dei fire evangelistane, og på sørveggen finn vi ein blåkledd og smilande Jesus saman med dei tolv apostlane. I himlingen over midtgangen er ein gråblå stjernehimmel som har både sol og måne, og i taket over benkeradene slyngar det seg fargerike hallingroser med eitt vaktande fjes innimellom som ser strengt ned på kvinnesida. Midt i kyrkja heng eit flott kyrkjeskip frå tidleg 1600-tal, som er blant dei eldste i landet, og på nordveggen ved døypefonten heng eit vakkert mellomalderkrusifiks frå 1200-talet. Altertavla har ei korsfestingsgruppe med utskorne og måla figurar, der Jesus er omkransa av Maria og Johannes. På sidene er det frodige utskorne englar.

Rundt år 1900 ville presten på ny byggje om eller helst rive kyrkja. Dei leigde Arkitekt Jens Zetlitz Monrad Kielland. Han såg verdien i den gamle kyrkja og overtalde dei til å byggje ei ny kyrkje og selje den gamle til Fortidsminneforeningen som overtok kyrkja i 1908