Rosekyrkja

Bygdetunet med Prestestova og Løsetstova

I Bygdetunet står Løsetstova, eit våningshus frå slutten av 1700-talet, eit stabbur frå garden Busengdal der dei eldste delane er frå 1600-talet og den gamle Prestestova frå ca. 1850. Husa vart flytta og sette opp her tidleg i 1980-åra. Våningshuset og stabburet er eigd av Fjord kommune, og Fortidsminneforeininga eig Prestestova.

Løsetstova

Løsetstova kjem frå garden Løset i Røysetdalen i Stordal. Ho er ei typisk sunnmørsstove, dei eldste delane er frå 1790-åra. Sunnmørsstovene er langstrakte bygningar i ein etasje med saltak, og med ei loftsark for å gi lys til lemmen over utdøra. Løsetstova kunne vere bustad for tre generasjonar, der kårfolka hadde si eiga stove og sitt eige soverom. Stovene er opne opp til mønet, men dei andre romma har små loft i andre etasje. På baksida er det ein svalgang, og opphavleg var der også ein liten kjellar under hovudetasjen. Løsetstova vart freda i 1939 og var bustad for Martin Løset og familien hans fram til 1943. I 1971 vart huset rive og lagra, på slutten av 1987 vart det sett opp att i bygdetunet.

Stabburet

Eit stabbur var eit lagerhus for mat, klede og anna av verdi som skulle lagrast over tid. Det var bondekonene sjølve som hadde nøkkelen til stabburet og som hadde ansvaret for at maten rakk til hushaldet gjennom året. Stabbura står gjerne på store steinar eller  trepålar med ei steinhelle øvst. Steinhella skulle hindre at mus og rotter kom og åt opp korn og annan mat som var lagra i dette huset. Stabburet som står i bygdetunet, er flytta frå Utigard i Busengdal, og delar av det er frå 1600-talet. 

Prestestova

Prestestova

Prestestova i Stordal ligg i Stordal kommune i Møre og Romsdal.Prestestova vart bygd kring 1850 og var lenge brukt som kontor og hybel for presten som ikkje budde fast i bygda, til soknerådsmøte, konfirmantførebuingar, som sakristi og kvile/varmerom for dåpsbarn og andre kyrkjegjengarar med lang veg.

Etterkvart vart huset tatt i bruk til ymse kommunale føremål også: kommunestyremøte, boksamling, musikkøvingar, sløydundervising oa. Dette varte fram til 1950-åra.  I 1984 overtok foreninga Prestestova og flytta ho nærare kyrkja pga ein ny veg. Huset ligg i det vesle bygdetunet i Stordalen, og er nå restaurert og inneheld toalett til bruk for turistar, vaktrom for kyrkjeguidane og eit noko større rom mellom anna blir brukt til utstillingar for Kyrkjehola kulturbeite.

Nøyaktig byggeår for Prestestova er ikkje kjent, men ut frå byggestil og andre opplysningar, vart ho truleg bygd om lag 1850. Vegen gjennom bygda låg heilt inn til kyrkjegarden, og Prestestova vart bygd tett inn til vegen på motsett side, berre 20 meter frå kyrkjegardsporten. Arealet er på ca 60 kvm og forma er nesten kvadratisk. Opphaveleg førte hovudinngangen mot aust inn til ein liten gang. Herfrå kom ein inn i eit rom på sørsida - "prestekammerset" og til det store rommet opp mot vegen. I denne delen av Prestestova var det tømmerveggar som truleg har vore panelt på innsida heilt frå byrjinga. Det store rommet hadde pipe med vedomn. Omn var det på prestekammerset òg.

I den vestre delen av huset var ytterveggane bygd av stendarar med uvendig panel, og romma her har truleg vore brukt til lager. Denne delen hadde inngangsdør frå nord - mot vegen og kyrkja. Prestestova er bygd i den såkalla "bygdeempiren", ei forenkla form av empiren som var vanleg i denne perioden. Huset har ei enkel hovudform med knapp detaljering, lite takutstikk, enkel, men likevel forseggjort vindusomramming og listverk. Utvendig er det kledd med liggande delvis
profilert panel, som truleg har vore kvitmalt heilt frå huset vart bygd, og to-fags vindauge med tre ruter i kvart fag. Huset har fyllingsdører. På taket er det store kvadratiske skiferheller, og huset stod opphaveleg på ein grunnmur av gråstein med krypkjellar under. På den tida då Prestestova vart bygd, hadde kyrkja i Stordal fleire eigedomar. Tømmeret til bygging vart difor teke frå eigen skog, og soknet hadde nok pengar til andre utgifter og material.

Bruken av Prestestova

Fram til 1907 var det stort sett presten som brukte dette huset. Den vert ofte kalla "skiftestove" - sidan presten brukte den til å "skifte" om til messeklede. Presten sitt rom var "prestekammerset". Her budde han når han var på vitjing i soknet. Her hadde han også kontor og her hadde han naudsynt utstyr. Det store rommet vart likevel mykje brukt tiloffenlege aktivitetar. Her kunne foreldre og fadderar ta inn i eit varmt rom med dåpsbarnet. Rommet vart også brukt til andre i kyrkjelyden som hadde trong for ly og varme. Det var òg brukt til konfirmantførebuingar og møteverksemd både for kyrkjelyden og for andre. Kommunen brukte rommet når kommunestyret og andre nemnder heldt møter i Stordal.
Verken kyrkja eller Prestestova hadde nokon do og i 1890, då Stordal framleis var ein del av Stranda kommune - kom bygging av utedo til å spele ei avgjerande rolle i samband med kommunedelinga! Det hadde seg slik at ordføraren, som på den tida kom frå Stordal, ordna det slik at 25 kroner frå kommunekassa skulle brukast til utedoen. Dette vart for sterk kost for kommunestyrerepresentantane frå Stranda, og saka var viktig bakgrunn i stryden bygdene i mellom. Ein strid som endte med
kommunedeling i 1892. Av kommunestyredokumenta frå perioden går det fram at Prestestova var dregen inn i delingsoppgjeret. Stordal overtok tre fjerdedelar av bygninga, medan resten var soknerådet sin del.

Etter at nykyrkja var på plass, hadde kyrkjelyden naturleg nok ikkje lenger same bruk for Prestestova. Truleg overnatta presten her ved enkelte høve, men bruken av huset i samband med gudstenester var over. Men huset vart likevel brukt til mange andre formål. Konfirmantundervisning gjekk føre seg i Prestestova fram til 1940. Utenom skulane var Prestestova også den einaste kommunale bygninga som kunne brukast til kommunestyre- og nemndmøter elles. I ein periode kring 1920, før aldersheimen vart bygd, budde det også vanskelegstilte personar på prestekammerset.

Stordal hornmusikk vart stifta i 1891, og kring 1930 vart Prestestova fast øvingslokale. På denne tida var tømmerveggen mellom det store rommet og rommet mot veste fjerna for å få til eit betre egna lokale.
Seinare vart prestekammerset tatt i bruk til boksamling, og det store rommet vart på 1950 talet brukt til sløydundervisning for folkeskulen. Med si sentrale plassering nær vegen vart huset også ein sentral plass for oppslag og kunngjeringar av ulikt slag. Etter 1950 vaks Stordal og kommunale funksjonar som skule, forsamlingslokale og administrasjonsbygg kom til. Det vart ikkje lenger bruk for Prestestova. Vedlikehaldet vart dårleg og forfallet sette inn.

Riving eller bevaring?

Mot slutten av 1978 la Vegvesenet ut planer for nyriksveg gjennom Stordal til høyring. Desse planane innebar at Prestestova måttefjernast. Dermed starta debatten om huset - var det verneverdig eller var det ein skamplett i kommunen og burde rivast så fort som mogeleg? Eit par år tidlegare hadde arealet aust for kyrkja vorte regulert til museumsformål. Her hadde ein planer om å gjenreise ei typisk røykstove frå bygda - "Løsetstova". Arbeidet med dette var alt i gong. Prestestova gjorde på den tida nytte som verkstad og lager for dette arbeidet. Fylkeskonservator kom med krav om at Prestestova måtte verte teken vare på. Riksantikvaren stødde fylkekonservator i dette og ville, dersom det vart naudsynt, reise fredningssak.

I bygda var det ulike meiningar om Prestestova sin framtidige lagnad. Husmorlaget søkte om å få overta huset, men formannskapet ynskte ikkje dette og vedtok riving. Med ei stemme i overvekt vart riving også vedteke i kommunestyret. Men bygningsrådet var ikkje samd i dette og saka gjekk attende til formannskapet som anka til Fylkesmannen. Tida gjekk og Vegvesenet pressa på for ei avgjerd. For å berge huset midlertidig vart Vegvesenetvinteren 1982 overtala til å flytte huset til museumstomta for at vegarbeidet ikkje skulle verte hindra. Men framleis ville ikkje kommunestyret endre rivingsvedtaket. Den nystarta Sunnmøre avdeling av Fortidsminneforeininga kom inn i bildet vinteren 1983, og saman med fylkekonservatoren og riksantikvaren vart det underskrive ein intensjonsavtale som overlet Prestestova til Fortidsminneforeininga. Dette godtok kommunen.

Prestestova stod klar på ny grunnmur i 1987. Restaureringa vart gjort etter antikvariske retningsliner, men det vart lagt inn vatn og toalett i huset og i samband med det også eit kloakkrenseanlegg som ligg på utsida av huset. Arbeidet vart gjort med tilskot frå Riksantikvaren, Fortidsminneforeningen, Vestenfjeldske bykredittforening og Stordal kommune.

Fortidsminneforeininga ser det slik at bygninga har ein stor kulturhistorisk verdi knytt til kyrkja og lokalsamfunnet. I tillegg hadde huset bruksverdi i høve til både kyrkja og bygdemuseet og også eit verdifullt tilskot til museumsområdet. Det har vore arrangert ulikeutstillingar i huset og her held gaidane for kyrkja og bygdetunet også til sommarhalvåret.

Frå artikkel skriven av Kåre Beite i boka "En reise gjennom norsk byggekunst" som kom ut til
Fortidsminneforeningen sitt 150-årsjubileum i 1994.