ROSEKYRKJA

Velkommen til Rosekyrkja

             Stordal Gamle Kyrkje   

Stordal gamle kyrkje ligg i Fjord kommune i Møre og Romsdal og har vore eigd av Fortidsminneforeninga sidan 1908. Kyrkja er no del av det vesle bygdetunet i Stordalen saman med tre andre gamle bygg.

Frå utsida ser ikkje Stordal gamle kyrkje så spesiell ut, bortsett frå at ho er ei fin, gamal og velhalden, åttekanta trekyrkje. Det er fyst når ein kjem inn, at ein ser kor særmerkt ho er. Veggene, søylene, taket, galleriet og preikestolen er heilt overdekte med akantusrankar og drueklasar, sirklar og roser i solgult og himmelblått. Dekorasjonane vart utførte i 1799 og den vanlege nemninga er "Rosekyrkja".

Rosekyrkja stod ferdig i 1789. Den gamle stavkyrkja, som kanskje kan ha stått der sidan 1300-talet, var gammal og til nedfalls. Presten Ebbe Carsten Tønder teikna den nye kyrkja. Truleg vart kyrkja bygd av bøndene på dugnad og tømmeret henta frå den lokale skogen. Etter gammal skikk vart brukbart materiale brukt om att og delar frå den gamle stavkyrkja er nytta i Rosekyrkja. Etter tradisjonen skal mellom anna himlingen i våpenhuset vere den same som himlingen over koret i stavkyrkja. Dei fire beresøylene i kyrkjeskipet kan også vere frå den gamle stavkyrkja.

Bildegalleri:

Alle foto: Ann Hasund

Kor-taket, Foto Odd K. Hanken
Kor-taket, Foto Odd K. Hanken

Fjord Kommune

Fortidsminneforeningen

Sunnmøre Lokallag
sunnmore.lokallag@gmail.com

Opningstider:

Kvar dag i sesongen :

frå kl. 11.00 til 16.00

Sesong: 17.06 - 20.08

Utanom fast opningstid kan omvisning tingast på tlf.:

916 32 704

Ny bok om Rosekyrkja,             denne er lagt ut for sal hos: Jugendstilsenteret i Ålesund og hos Nilsgardstunet i Stordal, kr 300

eller ta kontakt med oss på e-post:   sunnmore.lokallag@gmail.com      eller telefon 91587994



Kyrkja kan leigast ut for bryllup frå kr 3.000 - For personar med tilknyting til Stordal kr 2.000,- 

Ta kontakt for nærare avtale

Prisar:

Vaksen : 75- Barn: 40,- NOK

Student og honnør: 60 ,- NOK

Familie: 150,- NOK

Grupper (f.o.m. 8 stk.): 

Vaksne 70,- ; barn 30,-

Førehandstinging grupper, for omvisning utanom opningstid minstepris:

Kr 600,- inntil 10 personar

Over 10 personar, kr 70,- pr person