Rosekyrkja

Bygdetunet med Prestestova

Nøyaktig byggeår for Prestestova er ikkje kjent, men ut frå byggestil og andre opplysningar, vart ho truleg bygd om lag 1850. Vegen gjennom bygda låg heilt inn til kyrkjegarden, og Prestestova vart bygd tett inn til vegen på motsett side, berre 20 meter frå kyrkjegardsporten. Arealet er på ca 60 kvm og forma er nesten kvadratisk. Opphaveleg førte hovudinngangen mot aust inn til ein liten gang. herfrå om ein inn i eit rom på sørsida - "prestekammerset" og til det store rommet opp mot vegen. I denne delen av Prestestova var det tømmerveggar som truleg har vore panelt på innsida heilt frå byrjinga. Det store rommet hadde pipe med vedomn. Omn var det på prestekammerset òg.